[quote="Fluggua"]Vi skal kjøpe nytt anlegg i heimen.
1. Makspris 20.000,-, men helst nærmere 15.000,- (eksklusive TV/skjerm).
[u]Elkjøp og Expert er uaktuelle handlesteder.[/u]
2. Vi skal bruke det 80 % til musikk, resten til å se filmer på DVD eller på TV (om den sendes en vettug film i ny og ne).
3. Stort sett skal vi høre på musikk mens vi holder på med hobbyting og -tang i huset. Det vil si at anlegget skal ha rein og klar lyd, men bassen skal også være med på lav styrke - det er viktig!
4. Når vi har lyst til å bue panelen, skal anlegget sparke.
5. Vi hører nesten på all slags musikk - unntatt kategorien støy, dvs. Kizz, Arne Norheim og amok på gitar og slagverk-bandene. Vi hører aldri på jazz.
Det går nok mest i gammel Dire Straits, noe Pink Floyd, 60-tallsmusikk, gammel country, nyere countryroots, god og gammel blues, litt Josh Groban, trivelig visesang og litt hva radioen byr på innimellom.
6. Så er spørsmålet; skal vi velge hjemmekinoanlegg eller stereoanlegg?
Utgangspunktet vårt var at vi skulle ha nytt stereoanlegg, men etter en tur på Hi-Fi Klubben, er vi i tvil om det er det riktige valget.
7. Et hjemmekinoanlegg gir rom for flere høytalere (subwoofer, center...) og gir mer romlyd, mens stereoanlegget også kan ha subwoofer, men ikke center etc. Hvis vi har skjønt det riktig, gir hjemmekinoanlegg en surround-lyd, mer romlyd, mens et ordinært stereoanlegg er mer lydrettet. Er vi inne på det?
8. Vi har hørt på en kombinasjon av NAD743-714+Dali Concept 6-pakke og Denon 2602+1920+Dali Concept 6-pakke. Men det var så mye annen støy i butikken (mye kunder, flere anlegg som ble prøvd) at det var vanskelig å få noe ordentlig inntrykk.
9. Av de aktuelle merkene er vi ved NAD, Denon og kunne tenke oss å kike nærmere på Yamaha (hvor vi enn finner det).
PS: Anlegget skal "høre sammen" også utseendemessig, dvs. forsterker, reciever, dvd etc skal være av samme merke.
Vi ønsker forslag på oppsett - og
hvorfor? For og i mot ditt og datt mottas med takk. Smekk på cirkapris på det du foreslår.[/quote]
1.prisgrensa gjer svært funksjonelle ting som t.d. Bose uaktuelle. Men vi får gjere vårt beste...
2. Skal det drivast kritisk musikklytting, ville eg generelt tilrå eit anlegg med to kanalar når de har så stramt budsjett, Det bryt likevel litt med neste punkt...:
3. Er hobbyane av ein slik art at anlegget bør gje god lyd over ein stor del av rommet, eller kan du konsentrere "godlyden" til eit optimalisert område? I fyrste fall ville eg hatt surroundanlegg med sub og øvrige høgtalarar som spreier lyden godt. Men helst ville eg hatt to gode høgtalarar, som eg sette slik at hobbyen kunne drivast ein stad framfor, og midt mellom desse...(Hobbyen min er hifilytting, så det er så greitt...
)
4. Skal de spele høgt og uforvrengt innan prisklassen, tek ting til å bli vanskelege...eg ville vel tilrå noko som fungerte greitt til det meste, og unngått tapetskrelle-lydnivå...
5. Då kan de sikkert gå klar 120 dB-anlegg også
6. Ut frå kronasje, og kva du får for pengane, er altså to kanalar mest rekningssvarande. Men då vert godlyden avgrensa. Fem kanalar gjev deg litt meir spelerom over heile stua, men dårlegare lyd generelt.
7. Eg kan støtte desse konklusjonane, dersom eg har forstått økonomisk prioritering og praktisk bruksområde rett.
8. Pakken er sikkert grei, den, men det finnest eit vell av ulike ting å velje mellom. Butikkdemonstrasjonar gjev normalt ein brukbar peikepinn, men aldri eit klart svar på korleis det vil vere heime. Be difor alltid om heimlån før du skriv under kjøpskontrakt.
9. Yamaha er musikalsk og behageleg å lytte til. Det same kan ein seie om Marantz. Denon er flott til heimekino, og NAD har ein del gode produkt til stereobruk (dette er sterkt forenkla, sjølvagt, men i prisklassa de nemner, kan det vere lurt å tenke slik)
Ta utgangspunkt i høgtalarane, og finn ut om desse passar inn i heimen, og om dei gjev den lydkvalitet og eigenskapar elles de kan trivast med. Finn så ein forsterkar med dei funksjonane de er på jakt etter. Høyr gjerne kva butikken tilrår, men sjekk også konkurrentane.
To tips for lytting over heile rommet:
- Mirage Nanosat (evt. Omnisat). Desse høgtalarane ser litt pussige ut, men spreier lyden uhyre godt. Dei kan også henge på veggen, og sjølv om dei ser litt pussige ut, er dei ganske gode. (sjekk importøren
http://www.mono.no, og ta kontakt for å finne næraste forhandlar)
- Tannoy Arena - litt for dyrt, men her er det flotte eigenskapar. Sjekk
http://www.stereofil.no
- Bose Lifestyle-systema. Finn du eit på tilbod (ikkje rette tida no, og det vert for dyrt elles) har du ein lett jobb med tanke på plassering. Fleire forhandlarar, menwww.hificenter.no har litt info på nettet.
Lykke til!
Helsing Arve