"cbx750f85" skrev:"Audiophile-Arve" skrev:"Flageborg" skrev:"a|ex" skrev:
1. Kan du gi et eksempel på en forsterker, fabrikat og modell med nevnte egenskaper? Det virker som du beskriver en integrert forsterker med innebygget aktiv deling...............? For bruk til Stereo?
2. Bi-Amping med aktiv deling er det beste. Bi-Amping bestående av 1 forsterker som tar bassen på høyre OG venstre høytaler + 1 egen forsterker som tar seg av mellomtone/diskant på høyre/venstre side - er den NEST beste løsningen.
3. Husk hva de anbefalte på Kontrapunkt, der vi var på treff, og hvor genialt LINN forsterkerne OG høytalerne er konstruert for å optimalisere og balansere forsterkerkreftene så lydbildet skal bli best mulig.
4. Merker meg at det er en generell skepsis mot bi-wireing...... Jeg var også det, og merket ikke noe forskjell når jeg kjørte det fra en Sony receiver til mine Patos Lyric 402. Men når jeg fikk meg en Arcam Alpha 10 effekt forsterker så merket jeg STOR forskjell.
5. Så etter min erfaring så kommer det an på forsterker/høyttalere om bi-wire har noe for seg. M.a.o. Test ut...
6. Mine Patos høyttalere er 4 ohm. Vil det kunne skade forsterkeren min om jeg kobler til både A og B på forsterkeren og kjører separate ledere til høyttalerene ? Altså en form for bi-amping. Vil det ha noe for seg på en forsterker som ikke har satt opp dette som en mulighet i manualen ?
1. Mine høgtalarar, Innersound Eros (sjekk
http://www.innersound.net/erosover.html) leverast i to utgåver, ein med vanleg, passivt delefilter, og ein med aktivt som er ein integrert del av ein bassforsterkar. Her tar du signalet inn frå preamp, og ut frå delefilteret til valfri forsterkar til drift av elekstrostatpanela over 400 Hz, medan den innebygde forsterkaren driv basselementa. Forsterkaren (eldre type enn den du finn på websidene eg synte til) er av god, grei kvalitet, a la Electrocompaniet. Det er også tappepunkt for bassignalet direkte frå delefilteret, slik at du alternativ kan bruke annan forsterkar til bassen. Eg var i utgangspunktet godt fornøgd med den innebygde, men etter kvart har eg prøvd to - tre alternativ som til dels er mykje betre.
Det finnest også nokre høgtalarstystem med tilsvarande løysingar, t.d. nokre system frå Infinity og Magnepan. Eg har vore bort i nokre slike, og må seie at det fungerer svært godt - enorm forbetring av dynamikk samanlikna med meir tradisjonelle konstruksjonar.
2. Heilt einig med deg. Men eg fekk glimrande resultat på Dali Ikon 7 ved hjelp av ein rimeleg Denon surroundforsterkar (sjå omtale seinare i kveld, eller i morgon tidleg)
3. Ja, sidan dette treffet var eg på Plaza-messa og fekk demonstrert Linn sin nye høgtalartoppmodell. Sjølv om rommet var ganske dårleg, var det (iallfall for meg) lett å høyre at dette høgtalarsystemet hadde ekstremt potensiale. Klangeigenskapane burde gå greitt å justere i eit kjent lytterom, og det dynamiske potensialet skal du opp på Avantgarde i endå dyrare prisklasse for å matche. Perspektiveigenskapar brukar å vere lette å få til når ein slepp vanlege delefilter, og kan flytte litt rundt på høgtalarane. Har lyst til å prøve desse heime ein gong....
Eg var ikkje fornøgd med Linn-høgtalarane på demonstrasjonen. Men det Karl-Erik rapporterer tyder på at eit biamp-oppsett ville løyst mine innvendingar ganske greitt.
4. Du skulle prøvd om dette var ein konsekvens av auka kabeltverrsnitt. Og sjekka i kva grad det var forbetringspotensiale ved å korte ned høgtalarkablane.
Eg hevdar ikkje at biwiring ikkje funkar, men eg er skeptisk ovanfor denne strategien for å forbetre lyden, dersom ein kan få endå større forbetringar ved å bruke monoblokker, lang signal-/kort høgtalarkabel.
5. Testar no ein 4 leiars biamp-kabel. Skal sjå om eg kan gjere ein biwire-test på han også...
6. Med juridisk atterhald: eg trur ikkje det. Forsterkaren vil vel sjå same lasten om du brukar begge desse utgangane inn på forsterkaren, så lenge + og - er korrekt? Eg har prøvd noko liknande med ein Vincent, og det gjekk bra. Det er nok ikkje snakk om bi-amping - delefilteret må framleis gjere jobben...men spør nokre som er meir kvalifiserte enn meg før du set i gong.
Helsing Arve